Holmøyskarrennet

Neste renn: Søndag 17. april 2011 (224 dagar igjen)

Pressemelding

(28.03.2010, 15:25)

Holmøyskarrenn nr. 44 vart i dag arrangert i reserveløype på Ullsheim.

Les meir

Resultat 2010

(28.03.2010, 15:30)

Les meir

Spurtpremiar

(28.03.2010, 12:54)

Spurtpremie til beste dame og herreløpar etter halvgått løp.

Les meir

Startliste

(27.03.2010, 14:01)

Startliste for konkurranseklassane

Les meir

Løypebeskrivelse

(27.03.2010, 12:26)

Reserveløype, Ullsheim.

Les meir

Innbyding 2010

HOLMØYSKARRENNET 2010


Skipa 1967
Renn nr. 44.

Idrettslaga Hardbagg, Veten og Markane inviterer til Holmøyskarrennet Palmesøndag 28. mars 2010. Holmøyskarrennet er eit tradisjonsrikt turrenn over 25 km.

Start: Frå Kroken, Markane i Stryn.Trim- og familieklasse utan tidtaking: kl. 08.30 – 11.00. Konkurranse og turlangrenn kl. 12.00
Innkomst: Nordfjord Fritidssenter, Fjelli i Stryn. Seinast kl. 17.00
Påmelding: Bruk gjerne dette skjemaet, eller meld på til Thorolf Aarøen, tlf: 911 28 730, e-post: post@veten.info
Påmeldingsfrist: Laurdag 27. mars 2010 kl. 12.00. (konkurranse-klassane)
Startkontingent: Trim- og familieklasse: Born kr. 60,-. Vaksne kr 120,-.
Konkurranseklasse: kr. 200,-. Trim/familie - påmelding ved start.
Startkontingenten vert å betale ved start.
Konkurranseklasser: Junior og senior. Yngste startande konkurranseklasse: 15 år. Kvinner/menn junior: 15-16 år, 17-20 år. Senior kvinner/menn: 21-35 år, 36-45 år, 46-55 år, 56-60 år, 61-65 år, 66-70 år, 71-75 år, over 75 år.
Turlangrennklasse: Med slik inndeling; 15 - 35 år, 36 - 50 år, over 50 år. I denne klassen kan alle gå som ikkje har teke premie i terminfesta renn i inneverande sesong.
Premiering: 1/3 i konkurranse og turlangrennsklassar.
Fine gåvepremiar.
Uttrekking av premiar i trimklassane. Vandrepokalar vinnast 3 gongar: Beste damelag 3 stk., beste herrelag 3 stk., beste herrelag 5 stk. Trimkruset dame/herre 10 stk. plassiffer. Bestemannspremie: Dame og herre. Spurtpremie i Holmøyskaret kr 1 000,- for dame og herre.
Dusj/garderobe: Nordfjord Fritidssenter ved innkomst.
Transport: Buss frå Nordfjord Fritidssenter (innkomst) og til start om morgenen (kl. 08.30 og kl. 09.00).
Etter innkomst vert det sett opp bussar frå Nordfjord Fritidssenter og tilbake til start i Kroken, Markane.
Reserveløype: Ved dårleg vêr, reserveløype på Ullsheim. Skilting på renndagen.

Vel møtt til ein fin skidag.

Jørn Svingeset
-rennleiar-

Tlf. 91 88 57 53