Holmøyskarrennet Holmøyskarrennet Holmøyskarrennet Holmøyskarrennet Holmøyskarrennet

Holmøyskarrennet

Neste renn: Søndag 14. april 2019 (293 dagar igjen)
Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (14: Can't change size of file (Errcode: 28 "No space left on device"))

Resultat 2018

(25.03.2018, 15:12)

Holmøyskarrennet vart i år litt amputert pga veir og føreforhold, men likevel var det 274 turistar og 48 konkurranseløparar som fullførte.

Les meir

Spørjeundersøking

(24.03.2018, 12:45)

Arrangøren av Holmøyskarrennet har laga noken enkle spørsmål som ein gjerne vil ha svar på.

Les meir

Funksjonærliste 2018

(21.03.2018, 21:48)

Les meir

Resultatliste 2017

(09.04.2017, 23:49)

Det vart eit flott 50-årsjubileum for Holmøyskarrennet søndag 9. april 2017. Sjølv om rennet vart flytta til Ullsheim pga dårlege snøforhold så var det mange unge og gamle som tok turen gjennom den 20 km lange løypa.

Les meir

Pressemelding Holmøyskarrennet 2016

(20.03.2016, 21:58)

Les meir

Innbyding til Holmøyskarrennet 2018

Skipa 1967. Renn nr. 51!

Idrettslaga Hardbagg og Veten byr inn til det tradisjonsrike turrennet Holmøyskarrennet Palmesøndag 25. mars 2018 med start og innkomst på Nordfjord fritidssenter, Fjelli i Stryn.

Parkering: Organisert parkering ved Nordfjord fritidssenter. Pris kr 50,- pr bil, berre kontant betaling.

Start: Trim- og familieklasse utan tidtaking kl 0830 - 1100. UH-klassar kl 1100. Konkurranse- og turlangrennsklassar kl 1200.

Innkomsttid trim- og familieklasse seinast kl 1700.

Påmelding: Trim- og familieklassen ved rennkontoret før start. Registrering same stad ved innkomst. Konkurranseløparane melder seg på innan fredag 23. mars kl 2100 via påmeldingsskjema.

Startkontingent: Trim- og familieklasse under 16 år kr 50,-, vaksne kr 200,-. Konkurranse- og turlangrennklassane kr 250,- . Betaling kontant eller med kort ved frammøte til registrering.

Konkurranseklassar: Junior kvinner/menn 15 – 16 år og 17 – 20 år. Senior kvinner/menn 21 – 35 år, 36 – 45 år, 46 – 55 år, 56 – 60 år, 61 – 65 år, 66 – 70 år, 71 – 75 år, over 75 år.

Turlangrennklassar: 17 – 35 år, 36 – 50 år, over 50 år. I denne klassen kan alle gå som ikkje har teke premie i terminfesta renn i inneverande sesong.

Lisens: Deltakarane i konkurranse- og turlangrennsklassane må vise kvittering for betalt lisens til NSF ved registrering/henting av startnummer. Dei som ikkje har heilårslisens kan kjøpe eingongslisens før start. Det kostar kr 60,- for dei opp t o m 25 år og kr 150,- for dei som er eldre. For dei som er 70 år og oppover er lisensen frivilleg.

Premiering: Minimum 1/3 i konkurranse og turlangrenn. Fine gåvepremiar. Uttrekking av premiar i trim- og familieklassen. Vandrepokalar vinnast 3 gonger. Beste damelag 3 stk, beste herrelag 3 stk, beste herrelag 5 stk. Pengepremie kr 2000,- til det laget som stiller med flest deltakarar på tid, minimum 10.

Dusj/garderobe: Nordfjord fritidssenter.

Vel møtt til truleg Norges finaste skiturrenn!