Holmøyskarrennet Holmøyskarrennet Holmøyskarrennet Holmøyskarrennet Holmøyskarrennet

Holmøyskarrennet

Neste renn: Søndag 14. april 2019 (200 dagar igjen)

Resultat 2018

(25.03.2018, 15:12)

Holmøyskarrennet vart i år litt amputert pga veir og føreforhold, men likevel var det 274 turistar og 48 konkurranseløparar som fullførte.

Les meir

Spørjeundersøking

(24.03.2018, 12:45)

Arrangøren av Holmøyskarrennet har laga noken enkle spørsmål som ein gjerne vil ha svar på.

Les meir

Funksjonærliste 2018

(21.03.2018, 21:48)

Les meir

Resultatliste 2017

(09.04.2017, 23:49)

Det vart eit flott 50-årsjubileum for Holmøyskarrennet søndag 9. april 2017. Sjølv om rennet vart flytta til Ullsheim pga dårlege snøforhold så var det mange unge og gamle som tok turen gjennom den 20 km lange løypa.

Les meir

Pressemelding Holmøyskarrennet 2016

(20.03.2016, 21:58)

Les meir

Nyhende

Pressemelding Holmøyskarrennet 2016

Trass i dårlege vermeldingar, skodde i høgfjellet, litt regn og snø og kald vind i høgda, så syner den store deltakinga på Holmøyskarrennet at dette er ein påsketradisjon med djupe røter. Ein del er komne heim på påskeferie og brukar Holmøyskarrennet både for å treffe kjenningar og for å få ein fin skitur i flott natur og med gode løyper. Heile 344 fullførte reserveløypa på 18 km. Av desse var det 35 som gjekk på tid. Raskast av alle var den unge Isak Hopland på Hardbagg, ca 1 minutt føre Johan Eirik Meland som går for Markane il. Begge desse går i klassen 17 – 20 år. I det heile var det kjekt å sjå at mange unge prega resultatlista med gode tider. Beste dame vart Gunn Skrede frå Markane.

Rennet har og tevling om vandrepokalar for beste lag. I år vart det sekundstrid om tremannspokalen som Markane tok til odel og eige. Hardbagg tok og sin tredje siger for femmannslag og fekk pokalen til odel og eige. IL Veten var det einaste laget som hadde mange nok deltakarar til å ta timannspokalen.
Frå deltakarane kom det mange rosande ord for den fine løypa som arrangøren har kalla Noregs finaste reserveløype. Og nokon kasta fram ynskje om at løypa bør verte fast alternativ for dei som ikkje kjenner seg klar for dei største utfordringane.

Både Aslaug Åland, Per Knut Åland og Lars Bergset fullførte endå ein gong og er dei einaste som har sjanse til å feire femtiårsjubileet neste år med 50 fullførte renn. Sjølvsagt skal det då verte sol og godt skiføre, slik det var på fyrste rennet i 1967 med Lorns Skjemstad som vinnar. Han er no 76 år, bur på Røros, går framleis på ski og held det ikkje heilt urimeleg at han kan kome att og feire jubileet. Kanskje vi kan lokke til oss fleire kjende veteranar som har delteke i rennet gjennom 50 år. Vel møtt til folkefest Palmesøndag 2017!

Med helsing frå
Arne M. Sølvberg
Rennleiar

(Sist oppdatert 20.mars 2016, 21:58)

Gå til nyhendearkiv