Informasjon

Holmøyskarrennet er eit tradisjonelt turrenn som vert arrangert kvart år av idrettslaga Hardbagg og Veten. Rennet går av stabelen kvar Palmesøndag med start og innkomst på Nordfjord fritidssenter på Fjelli i Stryn kommune.

Turrennet vart skipa i 1967, og har sidan då vore arrangert kvart år med unnatak av 2014 og 2020.