Hovudsponsor:

Fyll ut registreringskort på førehand

Om morgonen på Holmøyskarrenn-dagen er det ofte lang kø ved registreringsborda på løpskontoret. Dette kjem ofte av at kvar deltakar i turistklassa må fylle ut registreringskort, og då kan det bli trangt om plassen når mange skal gjere dette på same tid.

No kan du sleppe denne ventinga ved å fylle ut registreringskort på førehand!

Last ned denne PDF-fila, skriv den ut heime, fyll ut alle felta per person og ta den med på palmesøndag. Det er 3 kort på ei side, så viss det er fleire i familien som skal gå så er det berre å fylle ut alle og gjerne skriv ut fleire sider viss de treng det. De treng ikkje å klippe dei ut, berre lever heile arket så tek vi resten på rennkontoret.

På rennkontoret får de eine delen av kortet med dykk og denne delen må leverast til kartoteket når de kjem i mål for å få godkjent renndeltakinga.

NB: Det er viktig å levere alle registreringskort og betale startkontingent for alle som skal delta på rennet før dei startar å gå!
Alle må levere sin gjenpart av registreringskortet når dei kjem i mål!

Korleis fylle ut registreringskortet

Det er plass til 3 personar pr ark. Fyll ut for så mange personar som trengst.

Er det meir enn 3 personar i familien som skal gå kan du skrive ut fleire skjema.

For kvar person fyller de ut desse felta:

1: Namn på personen. Fyll ut både på venstre og høgre side.

2: Idrettsklubb personen representerar. Ikkje naudsynt å fylle ut.

3: Adressa til personen. Dette er i tilfelle vi må kontakte personen for gjengløymde ting, uavhenta premiar o.l. Vegadresse og postnummer er nok.

4: Fødselsdato til personen. Dette er for kva startkontingent som skal betalast.

5: Mobiltlf. Dette er for at vi skal kunne kontakte dykk dersom vi ikkje kan bekrefte at personen er komen i mål. Dette er viktig for sikkerheita! Om personen ikkje har mobiltlf sjølv skriv du opp mobiltlf. til ein føresett.

6: Kryss av her dersom det er første gong personen deltek på Holmøyskarrennet. Dette er for at vi skal kunne sjå om personen skal få utdelt Diplom for første renn!

Lukke til og vi sjåast  på palmesøndag til Holmøyskarrenn!

Våre sponsorar:
Sparebanken Norge
Stryvo
Tussa
Wattn
Nordfjord Trafikk
Vinsrygg Maskin
Rosenlid Gjenbruk & Gjenvinning
Haugen Motor
Toyota Nordfjord
Stryn Beting
Stryn Pukk
Malermester Lindvik
Mulvik
Utvik Bygg
Nomek